Arrangement

Samlagsstemnet feltskyting 2012

Laga i søre krins av Sunnhordland arrangerte
samlagsstemnet i feltskyting på og ved skytebanen
i Nedre Vats 24. og 25. mars.  Strålande ver, god
skyting og spennande finalar.
Ingvar Legland vart samlagsmeister med 40/8.


Komplette lister og fleire bilete finn du her


 

Bedriftscup 15m 2011/2012

Finalen i bedriftscupen 2011/2012 gjekk av stabelen 6. mars.  Det var i år fem lag som deltok i finalen.  Også i år vart det vist mykje god skyting, men dette året var det eitt lag som sikra seg nok avstand til å "sikra" sigeren på dei siste skota. Nortura 1 vart årets vinnarlag.  I år måtte det omskyting til for å kåra beste enkeltskyttar.  Den tittelen gjekk til Kjell Vidar Øglend. Me gratulerer vinnarane og ønskjer velkommen igjen til ny sesong i haust.

 

Resultat frå bedriftscupen finn du her


 

                    

Trening

Innandørstrening er denne vinteren sett til kvar onsdag kl 18:00.  Då vil det alltid vera ein 'nøkkelperson' til stades på innandørsbanen i Sandeid.  Me ber om at ein ikkje møter seinare enn 18:30.

 

Terminliste

 

Terminliste for 2011

 

Jegertrening

Jegertrening for 2011 er pr. 1. september avslutta.  Banen er stengt for vinteren.  Me ønskjer velkommen igjen til våren :)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vindafjord Skyttarlag © 2006  Redaktør: Bjørn M. Stokka        
Sist oppdatert:  Arrangement 25.03.2012 20:00

Vindafjord
Skyttarlag

 

Vindafjord Skyttarlag tilhøyrer Sunnhordland Skyttarsamlag. Laget vart etablert i 1969 etter samanslåing av dei gamle laga Ilsvåg, Vats, Skjold og Øvre Vats.


Me har følgjande baneanlegg:
Bane i Nedre Vats med 6 skiver elektronikk på 100 m og 12 skiver  elektronikk på 200 m.

Dette anlegget er felles for Vindafjord, Sandeid, og Vikebygd Skyttarlag.


Innandørs bane (15m) i Sandeid, 10 skiver elektronikk.
Innandørsbanen er felles for Vindafjord Skyttarlag og Sandeid Skyttarlag.

 

 

  Kommentarar/spørsmål:
 Send E-post til oss

DFS              HA-Cup              Påmelding

 Org.nr for Vindafjord Skyttarlag:   983903533